Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

Ny organisasjonsmodell frå 01.03.2017.

1. Familieseksjonen vert med verknad frå 1. mars delt slik at legekontoret, psykiatritenesta og fysioterapitenesta vert samorganisert med Pleie- og omsorgsseksjonen under nytt namn: Helse- og omsorgsseksjonen. Guri G. Fjelde er seksjonsleiar i den nye seksjonen.

2. Torill Idland tek med verknad frå 1. mars 2017 over funksjonen som seksjonsleiar for familieseksjonen som omfattar barneverntenesta, NAV og førebyggande teneste/helsestasjonen. Torill Idland held fram som leiar av førebyggande teneste/helsestasjonen.

Organisering 01.01.2015

Ny administrativ organisasjonsmodell vart godkjendt 26.11.14 i k.sak 073/14  - gjeldande frå 01.01.15.

Administrasjonen i Forsand kommune vert leia av rådmannen. Rådmannen har ei leiargruppe som omfattar rådmann, områdeleiar kultur og teknisk, områdeleiar oppvekst og omsorg og leiar av fellestenester.

Under er det 8 seksjonar med kvar sin leiar som rapporterer direkte til leiargruppa:

Barnehagen, skulen, seksjon familie, seksjon funksjonshemma, pleie- og omsorgsseksjonen, seksjon plan og forvaltning, seksjon kultur og fritid og seksjon drift, eigedom og investering 

Fellestenester omfattar alle interne tenester som personalkontor, økonomikontor, IKT-tenester, servicetorg og innkjøp.

Admistrasjon 2015

 
Laster...