Forsand kommune

Velkommen til Forsand kommune

 

ELEKTRONISK ARKIVPLAN FOR FORSAND KOMMUNE

FORMÅL

Formålet med arkivplanen til Forsand kommune 

Arkivplanen gir bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Forsand kommune.
Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.
Arkivplanen skal bidra til at Forsand kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6 som seiar : "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Rådmannen har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1)

Arkivleiar har det daglege ansvaret for kommunen si arkivteneste og utarbeidar planar for verksemda. Godkjent handlingsplan skal vera med i kommunen sin årsplan.

Rådmannen oppmodar alle tilsette i kommunen å setja seg inn i retningslinene i arkivplanen.

 

Forsand kommune 23.03.2015

Søren Jensen

- rådmann -